Siste oppdatering fraa Zambia

Da var me i Lusaka for helga, men drar tilbake til Nyamphande i mogon, for saa aa fera igjen paa fredag, for no har me berre ei veke igjen der. Daa er planen aa fera vidare til Livingstone, og saa heller ta reisa vidare derfraa.

Har det fortsatt heilt fantastisk her, siste veka har regntida komen for fullt, masse regn, men det er sol ogsaa, saa me koser oss.

Daa me kom tilbake til Nyamphande etter sist opphold her i Lusaka, fekk me i oppgaave aa ordne til ei forestilling til tysdag, daa det skulle koma nokre amerikanerar aa filma. Det skulle vera baade skodespel, songar og dikt. Saa me satte daa i gong, og bestemte oss for aa lera koret “blowing in the wind”, og som skodespel brukte me historia “den barmhjertige samaritan” fraa bibelen, sidan det allerie var skriven paa engelsk. Det er ikkje enkelt aa skulle skriva eit heilt skodespel fraa byrjinga av, tru oss! Men forslaga vaare blei godt motteke, og me satte i gong med oppgaava. Storste utfordringa var at det blei eindel kommunikasjonsproblem sidan mange av ungane i dramagruppa er svaert smaa, og sjoner ikkje engelsk. Men det blei ein suksess, alle laerte seg replikkane, og laerarane var godt fornogde med oss!

I dramaklassen hadde dei ogsaa forberedt ein dans, og me provde aa bli med dei, til stormande jubel fraa heile gjengen! Saa dei spurte om me ikkje kunne bli med aa dansa paa forestillinga. Saa der sto me daa, foran over 700 elevar, og kamera som skulle filma paa barnehjemmet for saa aa visa det seinare til 10.000 i Atlanta city, aa provde saa godt me kunne aa etterlikna den afrikanske dansinga.

Tidlegare same dagen fekk me ogsaa sporsmaal om aa underhalda elevane, saa me sto der aa song Diderre for full hals, med Ida som hadde mageknipe, og ingen forsto eit ord. Men ogsaa det blei godt motteke, utruleg nok! Ellers spelte Signe floyta, og elevane var fornogde med vaar forestilling.

Ellers har dagane der ute gaatt til aa leika med ungane, delta i undervisning, hjelpa laerarar aa retta provar. Me har laert ungane fleire norske leikar, og dei har laert oss mykje ogsaa! Me speler volleyball og fotball med dei, og hopper eindel paradis!

Mange av ungane har foreldre som er dode av aids, saa fleire av dei som ikkje bur paa barnehjemmet bur gjerne med besteforeldra sine, eller med andre slektningar, og det er mange av dei som gaar fleire mil til skulen kvar dag! Paa onsdag var det nokre smaa jenter som kom inn paa rommet vaart, og spurte om aa faa lesa oss dikt dei hadde skrive sjolv. Spesielt eine diktet festa seg veldig. Ho skreiv om begge foreldra som dode av aids, at ho matte bu paa toalettet og eta av soppelet, og at det var ein saa stor skam, men at aids ikkje skulle faa drepa ho! Det er rart aa sjaa mange ungar som leiker i lag med eit bildekk, men om du spor dei saa svarer dei at dei har det kjempefint, dei trives, og er glade. Det er stor forskjell fraa ungane i Noreg.

Eine dagen gjekk me i 4 timar, for aa komma til fjellet og sjaa apekattar. Det gjorde me, og sjolv om me var begge ganske rosa dagen etterpaa, fordi me ikkje smurte oss, saa var det verdt det! Kjekt aa sjaa apekattar, og det var ein fin tur. Me var litt bekymra for korleis det skulle bli aa gaa paa fjellet i varmen, men daa me forst var komen i gong endte det med at me sprang opp fjellet to gonger for aa faa sjaa apekattane. Me skulle ikkje for alt i verden vera daarlegare enn dei andre me gjekk med, som viste oss.

Me har ogsaa laert aa laga afrikansk mat, nemlig enshima og bonner! Og me har baare vatn fraa vannpumpa, i balje paa hovudet, og me har spist grilla insekt! Saa me har det fantastisk, opplever ekstremt mykje, og foler oss heldige som faar bli kjent med saa utrulig mykje greie folk!

Idag har me vore i sentrum aa kjopt nokre gaaver til ungane paa Nyamphande, volleyball, og nokre spel. Blir kjekt aa gje det til dei.

Formen er god igjen, og rosa-fargen er paa veg vekk, og skal ikkje komma igjen! I Ida sitt tilfelle, er den da ramlet av, men me holder motet oppe, og haaper paa ny hud snart!

Klem fraa Ida og Signe!

2 Responses to “Siste oppdatering fraa Zambia”

  1. Marte Veivåg Aase Says:

    Heia Signe=)
    Enormt kjekt å lesa om kossen dåkke har d! D e nesten så eg ikkje fatte at du e på andre siå av kloden;) D virke kjepekjekt, eg har kjempelyst å gjør d samma neste år, men eg får se..! Blir så kjekt når du komme hjem og eg får se bilder og hørra om alt! Savne dg! Kosa dg masse vidare! Stor klem fra marte!

  2. Terese Says:

    Godt å høre at dere har det bra.
    Tenker på dere begge nå i juletiden her hjemme i Kalde Norge.
    Ida, jeg mÃ¥ dessverre meddele at skjerfet du gav meg i gave da vi bodde i narvik, er blitt klippet litt hull i da vi prøvde Ã¥ fange undulaten vÃ¥r inni buret - og endte med at den ble sittende fast i skjerfet sÃ¥ vi mÃ¥tte klippe! var ikke min ide, sÃ¥ jeg er litt irritert! Fine skjerfet mitt…! TT_TT

    Uansett, savner deg masse! Klem Terese-