Mexico

No er me her i tacoens land med sombreroar og salsamusikk! Har berre vore i Mexico i 2 dagar, men til no er det eit herleg land!

Reiste fraa Tikal til Palenque paa onsdagen. Bussturen var lang, humpete og meget meget varm. Men me kom oss fram til slutt. Planen var aa vera i Palenque og sjaa ruinane der, og saa reisa vidare til San Cristobal morgonen etter. Men den gong ei. Daa me kom fram til Palenque var temperaturen i alle fall over 40 grader, og aa gaa rundt i mange timar aa betrakta ruinar som flinke turistar, er heilt uaktuelt. Me tilbringte mesteparten av den dagen paa internettcafe under vifter, og hang ogsaa i minibanken ein halvtimes tid (einaste plassen med aircondition). Sat saa utanfor hostellet og kunne ikkje bevega ein muskel for det var saa heilt ekstremt varmt. Sat aa sang julesongar og droymte om sno. Men me overlevde, og tidleg dagen etter drog me til Agua Sol som er eit svaert vassfall, og var der ganske lenge.

Bussen til San Cristobal var ganske forsinka, saa etter 3 timars venting i holjregn var me rett og slett vaate… Bussturen skulle eigentleg ta rundt 3 timar, men etter 30 min koyring kom me forbi ei ganske alvorleg utforkoyring. Det var ein bil som hadde glidd paa den vaate asfalten og hamna 200 meter rett ned skraaningen. Vaar sjaafoer var aktivt med i hjelpingo med aa faa folk fraa bilen opp til vegen igjen. Litt av eit styr, men heldigvis overlevde alle! Og etter eindel organisering av ambulanse og slikt, fortsatte me mot vaar destinasjon: San Cristobal. Ein koselig busstur igrunn med nakne damer i veikanten innimellom og me kom oss til slutt vel fram.

Tok inn paa eit hostel her i gaar, og var ute aa aat med nokre folk me moette paa bussen. Har ikkje vore i denna byen lenge, men liker oss svaert godt her til no! Det beste er vel temperaturen som endeleg er levelig, pga. at me no befinn oss ganske langt oppe.

No driv me aa undersokjer flybillettar vidare, etter 130 timar paa buss den siste maanaden byrjer me rett og slett aa bli meget leie. Haapar alt gaar som det skal heima!

Fraa Ida og Signe som eter verdas beste mat for tida!

Comments are closed.