Honduras

No er me i full gang med aa ta dykkersertifikatet vaart! Blir ferdig i morgon, om me bestaar eksamen. Dei siste dagane har gaatt i eitt, fyrst mykje reising og no er det undervisning og dykking heile tida. Men det er kjempekjekt, me skal ha vaart fyrste verkelege dykk i dag kl. 12, daa skal me ned paa 12 meters djup og sjaa paa korallreva!

Same dagen som sist oppdatering tok me bussen til Managua i Nicaragua, saman med nokre folk me blei vener med paa hostellet. Sov i Managua ei natt, og kl. 03.30 morgonen etterpaa stod me opp og tok bussen til Honduras, til San Pedro Sula. Sidan Managua er ein litt skummel by, saa fulgte heldigvis vaare reisekameratar oss til bussen, noko som igrunn var litt greit. Bussturen varte i 11 litt lange timar, og me var begge to ganske saa sliten og troytte daa me kom fram. Planen var aa ta buss vidare til La Ceiba der baaten til oya Utila (der me er no) skulle gaa neste dag. Men det gjekk altsaa ingen buss, saa me maate fint finna oss i a tilbringa ei natt i San Pedro Sula. Ikkje serlig kjekt, den byen er ikkje anbefalt, saa me sat inne paa hotellet heile kvelden.

Men dagen etterpaa kom me oss til La Ceiba, maatte venta der i 6 timar, og tok saa baaten ut hertil. Same dagen byrja me paa Open Water-kurset, saa det har verkeleg gaatt i eitt. Masse teori, og ikkje heilt enkelt naar det er mange uvante ord, og dei i tillegg er paa engelsk. Men me blir her til me har klart kurset, saa faar heller sjaa kor lenge det blir. Er heilt utruleg fint her, ei tropisk oy i det karibiske hav, med heilt klar sjo og fargerike fiskar! Saa enkelt og greit har me da utruleg fint, og maa no gaa for aa lesa litt dykkerteori!

Ida og Signe

2 Responses to “Honduras”

  1. Elisabeth Says:

    Kjære Ida og Signe!

    Artig å hør korsen det går me dokker!
    GRATULERE SÃ… MASSE ME 20 Ã…RS DAGEN IDA!!! Har ingen mobilnr eller nÃ¥kka, sÃ¥ tenkte æ bære sku post helsninga her… HÃ¥pa du fÃ¥r feira dagen. Lykke te me dykkingsertifikatet. Ta vare pÃ¥ hverandre.
    Mange klemma fra elisabeth:)

  2. a. lauritzen Says:

    Grattis Ida