Tilbake i Brisbane

Ja, da var me i Brisbane igjen, etter 3 veker med intens jobbing. Me er slitne no, men har faktisk fatt tjent opp omtrent 2500 kroner kvar, vel verdt all jobbinga!
Dei 2 siste vekene plukka me paprika og tomatar. Svaert tungt arbeid i og med at paprikaen veks heilt nede pa bakkeniva, og me dermed matte sta boyd i opptil 8 timar kvar dag. Men etter nokre dagar blei ryggane vare meir vandt til den slags jobbing, og det gjekk betre.
Stanthorpe var ein meget liten by med sterkt cowboy-preg. Sa laurdagen for 2 veker sidan tilbringte me pa rodeo. Menn pa ville oksar og hestar, og tilskodarar med cowboy-hattar. Ei uvanleg oppleving, men kjekt a fa med seg, sjolv om absolutt ingen av oss er noko begeistra for den slags dyrebehandling.
Me er alle tre einige om at sjolv om det har vore tung jobbing i det siste, sa har me fatt mykje ut av oppholdet i Stanthorpe, med nye vener og no meir pengar pa kontoen!
Kine drog tilbake til Brisbane allereie pa onsdagen, medan Signe og Ida blei igjen til fredagen. Sa pa torsdag, den einaste fridagen pa to veker, tilbringte me i ein nasjonalpark og gjekk ein 6 timars lang fjelltur. Ei herlig oppleving, me saknar fjellturane fra Noreg, og dette var ein god erstatning.
Det er alltid trist a seia hade til nye, greie folk ein moter, men no er me klare for noko nytt! Sa i morgon, sondag, drar me nordover til Rainbow Beach. Me har bestilt ein 3-dagers pakketur til Fraser Island, som er verdas storste sand-oy. Sa dette ser me fram til!
Ellers hapar me alle saman har det bra og at alt gar fint heima i Noreg.

Masse klemmar fra Ida, Kine og Signe!

One Response to “Tilbake i Brisbane”

  1. Liv Says:

    Hei jenter!
    Kjekt å høyre godt nytt! Her i Noreg er vinteren på hell. Eg har fått med meg birkebeineren, hardt men fornøyd med innsatsen! No står eg på farten til å reise til Paris. Der vert eg i ei heil veke med elevane mine. Alfen styrer ståket heime. Alt vel med oss, ynskjer dåke lykke til vidare på reisa. Pass opp for gamle damer med håndveske og paraply